Hopp til hovedinnholdet
Flåmsbanen passerer syklister på rallarvegen

VESTLANDSINDEKSEN #2 2023 VISER

Ventar turiststraum til Vestlandet

– Reiseliv ser lysande ut, og vi har nesten 100 % belegg på hotell i Flåm! Det seier konsernleiar i Norway’s Best Group, Per Brochmann. Verksemda hans nyt godt av at den svake krona har gjort Noreg billig for turistane, medan det er krevjande tider for breidda av bedrifter på Vestlandet.

Av Torhild Dahl

Kommunikasjonsrådgiver

– Vi ser effekten av den svake krona. For ein amerikanar er det 20 % billigare å feriere i Flåm no enn for fem år sidan, på grunn av valutaen. Samtidig gjer dei fleste nordmenn som under pandemien,- dei legg ferien til Noreg!


Det fortel Per Brochmann, som er konsernleiar i Norway’s Best Group, eit reiselivskonsern som i eit normalår omset for rundt ein milliard kroner og har meir enn 500 heilårs- og sesongtilsette. 


Nesten fullbooka

For den komande sesongen ser det veldig bra ut både for Flåmsbanen, hotella i Flåm, og The Fjords, som er dei elektriske båtane våre på Nærøyfjorden Det er nesten 100 % belegg på hotell, og vi er opp 10 – 15 % målt mot før- pandemiåret 2019. Også i fjelldestinasjonen Myrkdalen går det bra. Der har vi lagt bak oss den tredje beste sesongen gjennom tidene, seier han. 

Optimismen rimar med tal frå den ferske Vestlandsindeksen, som viser at overnattings- og serveringssektoren er ei av få bransjar som har betre tru på framtida. Margunn Aas Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest møter mange optimistiske kundar frå denne bransjen. 

– Fleire av kundane til Sparebanken Vest melder om fulle bøker gjennom heile sommaren, ja faktisk langt ut på hausten. Kundane opplever at turistane strøymer på fordi Noreg har blitt eit billigare reisemål enn tidlegare. Turistane ser også på Noreg som eit fredeleg og roleg hjørne i ei turbulent verd, seier ho. 

Forventningsindeks utvalgte naeringer

Ei utsett bransje

Vestlandsindeksen viser at bransjen har hatt store svingingar siste åra, med ein dramatisk botn under pandemien, og fleire opp- og nedturar sidan.

– Overnatting- og servering er ein volatil bransje som har hatt svært store svingingar sidan pandemien. No er vi ved starten av ein sesong som ser ut til å gi svært god aktivitet, seier Minne. 


Margunn Minne

Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest. Foto: Eivind Senneset.

Også eksportbedrifter dreg nytte av den svake krona, men Vestlandsindeksen viser at det breie laget av bedrifter framleis har vanskelege tider. Resultatindeksen på 56, 1 poeng er framleis på eit lågare nivå enn det historiske gjennomsnittet, og også forventningane er lave og fell tilbake til 57,1 poeng. Det er særleg stigande kostnader som bekymrar bedriftene. 


Forventnings og resultatindeks

Stigande kostnader bekymrar

– Det er utfordrande for bedriftene å framleis vere lønsame når kostnadene aukar så raskt. Lønsforventningane er svært høge på kostnadssida, og den svake krona forsterkar ein allereie utfordrande høg prisvekst.

Det seier Kjetil Benson, som er leiar for Markets i Sparebanken Vest. 3 av 5 bedrifter som aukar utsalsprisane gir auka lønskostnader som grunn, medan heile 9 av 10 viser til høge innkjøpsprisar.

Hvilke kostnader har oekt eller forventes å oeke

Benson forklarer at sjølv om bedriftene set opp utsalsprisane, så er det ikkje nok til å ta igjen auken i kostnader. 

– Svært mange av varene og innsatsfaktorane er importerte frå utlandet. Når krona svekkjer seg så raskt, så må prisane opp på importerte produkt. Bedriftene ber noko av denne nedsida sjølve, då dei ikkje klarer å prise seg opp like mykje som kostnadene aukar. Motstykket er norske bedrifter som eksporterer, for dei får tilsvarande gunstige tilhøve med ei svak krone, seier han. 

Kjetil Benson

Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest. Foto: Hermann Øberg.

Agenda vestlandet

Våre initiativ

vestlandsmeldingen ikon

Vestlandsmeldinga

Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte

Prognose for fremtida
Vestlandsindeksen ikon

Vestlandsindeksen

Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet

Dei nyaste trendene
Vestlandskonferansen ikon

Vestlandskonferansen

Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia

Finn ut meir